Velkommen til nettsida til

HURLA BYGDESTOVE

Startside
Historia
Leigesatser
Om romma
Styret
Hildrestranda.no

Historia

 

Hurla Bygdestove slik bygget framstår i dag, er i det vesentlege identisk med nye Hurla skule, som stod ferdig til bruk hausten 1942. Tilbygget mot vest, som inneheld toalett, kom ikkje på plass før langt ut på 1950-talet.

 Litt skulesoge (Som du kan hoppe over dersom du berre vil lese om Bygdestova.)

I 1860 vedtok Stortinget ei ny lov om skulane på landsbygda som stilte strengare krav til opplæring også for barn utanom byane. Mellom anna skulle undervisningstida vere 12 veker i året. Det var om lag ei dobling av det tilbodet som hadde vore før, og mange foreldre kvidde seg for å sende ungane til undervisning. Dei hadde bruk for arbeidshjelpa heime, men det betra seg ein heil del då prosten tok til å dele ut mulkter for ”skulk”. Framleis var det omgangsskule, og ein lærarpost var delt inn i fleire ”roder” som læraren følgde gjennom året. Kvar periode varte berre i tre (eller fire) veker, og ettersom kvart distrikt i Haram var delt inn i fem ”roder”, kom skulen til kvar elevgruppe to til tre gonger i året.

 Med den nye skulelova frå 1860 kom det og vedtak om ei fast krinsinndeling i Haram. Hurla krins, som seinare vart namnet, fekk 2. april 1861 denne nemninga: ”Hildrestrand, Ryssgård, Røvreit, Hurlen og Skjelten.” Skulekommisjonen (tilsvarer seinare ”skulestyret”) fastsette skuletida til 13 veker for året, og kvar krins skulle syte for eit fast skulerom.
I 1870-åra tok folk til å endre meining om kor viktig det var med skulegonge, og det vart snakka om at det hadde vore best med eit fast skulebygg i kvar krins. Det fantest då berre eitt fast skulehus i kommunen, og det vart bygd i tilknyting til hovudkyrkja i 1863 i det som då heitte Åkre krins. Eigentleg var det klokkarbustad, men klokkaren skulle og vere lærar, og eine stova i huset skulle nyttast til skulestove. Det høyrer med til historia at krinsen lenge hadde stritta imot, for lovpålegget stamma heilt frå 1827.

 Den 1. februar i 1885 gjorde vår krins vedtak om å byggje eit skulehus ”af tilstrækkelig størrelse og tidsmessig udstyr, alt efter tegninger approberet af stiftsdirektionen”. Det kom no fart i skulehusplanane fleire stader, og i 1886 stod dei første skulehusa ferdige; på Hurla, Myklebust, Ulla og Kjerstad. ”Det offentlege gav tilskot til tuft, sjølve skulehuset i fullferdig stand med innvendig og utvendig måling, til kateter, pultar, to bord og tre stolar, dertil oppbevaringsskåp og ein sengestad, privet og vedskur.” (Haram Skulesoge 1975, s.73.) På denne tida hadde skulen på Hurla ca. 30 elevar og var todelt til 1911. I perioden 1912-27 var skulen tredelt. Elevtalet var då på det meste ca. 50. I 1937 vart skulen igjen tredelt, og krinsen måtte leige klasserom. Skulestyret vedtok den 27. okt. 1937 at det skulle byggjast nytt skulehus. Det skulle vise seg å vere framsynt då barnetalet auka mykje etter krigen.

(Kjelde: Peter Hove: Haram Skulesoge, Brattvåg 1975.)

  

Den nye skulen

 

Krigen kom før planane for nyeskulen vart realiserte. Fylkesskulestyret kravde kostnadene reduserte noko, og den godkjende planen var kostnadsrekna til kr 26000,-
Midt under krigen, til skuleåret 1942/43, stod nyeskulen klar til bruk. Ein bragd i seg sjølv, med dei vanskar okkupasjonen førte med seg. Vi har ein mistanke om at ein av pådrivarane må ha vore den læraren som av alle har suverent lengst tenestetid i Hurla krins: Henninge Hagerup. Ho hadde sitt virke ved skulen frå 1924-1962, og var meir som ein eigen institusjon i bygda. Ho kom frå Tornes i Fræna. I 1962 vart Alvestad og Hurla slegne saman til ein skulekrins; Hildre krins. Då forlet Henninge bygda og reiste heim til Tornes. Ho var ikkje vidare nådd pensjonsalderen, men flytte til Alvestad skule, ville ho ikkje. Storskulen (4.-6.klasse) skulle vere der og småskulen på Hurla. Truleg fann ho det best å ta farvel med elevane sine ved denne korsvegen, og det vart halde ein stor avslutningsfest til ære for henne på Hurla skule.

 

Fordi begge skulane var for små, vart skulestellet slik på Hildre i over 20 år at både elevane og lærarane måtte ta til takke med å vere på to ulike stader i bygda. For å få opplæring i sløyd og skulekjøken, måtte elevane i storskulen fraktast til skulen i Brattvåg. Etter ein lang og seig kamp i skulestyre og kommunestyre, vart det endeleg bestemt at det skulle byggjast ein ny og tidsmessig skule midt i bygda. Hausten 1984 var Hildre skule og samfunnshus klar til å takast i bruk.

  

Hurla skule vert Hurla Bygdestove

Året etter, i 1985, skøytte kommunen skulebygget på Hurla over til folket i krinsen.
Overdraginga vart gjord vederlagsfritt. Det var nok ikkje til noko direkte ulempe for kommunen heller, for det var ikkje brukt så mange kronene til vedlikehald dei siste åra, naturleg nok. Hurla Helselag var ein sterk pådrivar for å få overta skulebygget. På den måten kunne laget framleis halde sine foreiningsmøte, basarar og anna der. Helselaget sette i stand det austre klasserommet oppe, slik at det vart eit triveleg møterom med  fine sofagrupper til kaffikosen. Rommet vart då og kalla ”Finstova”.

I samarbeid med Hurla Helselag starta foreldre med barn i førskulealder planlegging av barnepark i lokala. Allereie 2. oktober 1985 kom ein i gong med prøvedrift i mellombelse lokale i det vestre klasserommet oppe. Det tidlegare materialrommet vart omgjort til toalett med vask, og ein fekk på plass ein benk med vask i gangen Så følgde eit år med mykje dugnadsarbeid for å få til meir høvelege lokale i kjellaren. Midlar vart skaffa frå ulike kjelder, alt frå loddsal til oppstarthjelp frå Haram kommune. Frå skulestart hausten 1986 kunne ein så starte opp med deltids-barnepark i kjellaretasjen og rikeleg med uteplass der leikeapparat òg kom på plass etter kvart. Tiltaket vart godt motteke, og born frå heile bygda lærte kvarandre å kjenne der før dei begynte på skulen.

Men alle eventyr har som kjent ein ende, og ikkje alle endar godt. Til jul i år 2000 måtte Hildre Barnepark flytte til Hildre skule, eller så måtte ein drive barneparken utan driftsstøtte frå kommunen. Kommunen skulle spare pengar! Kor mykje dei har spart, veit vi ikkje, men Bygdestova miste ei sikker inntektskjelde. På årsmøtet i 2001 stod vi overfor eit val: Skulle vi stengje huset og stanse all drift, eller skulle vi prøve å gå andre vegar for å skaffe midlar til drifta. Berre utgiftene til straum og forsikring var ei utfordring, og dessutan var det stor trong for både utvendig vedlikehald og oppussing innvendig. Årsmøtet bestemte at vi skulle satse vidare. Vestveggen var skifta eit par år i førevegen. No var det mest prekære lekkasje rundt skorsteinen, opprotne vindu i vestre rom oppe og lekkasje i taket over inngangen. Dessutan måtte det gjerast noko med vassleidninga for å betre vasskvaliteten. Året 2003 vart det store vedlikehaldsåret, og i 2004 kom ny vassleidning på plass. Alt dette kosta ein masse pengar, og vi har mange å takke både for pengar og dugnadsinnsats. Bygdefolk i ”gamlekrinsen” slutta imponerande opp om ein ”gåvedugnad” som skulle skaffe pengar til nytt golv i vestre rom oppe. Det kom inn over 20.000 kr, så det vart ikkje berre nytt golv. Heile rommet vart oppussa. Vi pussa og opp vestre kjellarrom. Det fine sommarveret vart av mange nytta til å isolere og få ny kledning på heile sørveggen, og dei rotne vindauga vart erstatta med nye. Her må vi rette ei stor takk til Sparebanken Møre, Hurla Helselag og Skjelten og Hurlen Utmarkslag for økonomisk drahjelp som gjorde dette mogeleg.
Gode tilbod frå våre leverandørar av trelast og målarvarer er heller ikkje gløymt.

Framtidsplanar

Årsmøtet no i mars 2006 vedtok at vi skal gå vidare med vedlikehaldsarbeid. Isolering og skifte av kledning på nordveggen har første prioritet. Austveggen er neste målsetjing, og vi har planar om utbetringar innvendig i tillegg. Mellom anna ei oppgradering av både kjøken og toalett. Alt som er planlagt er ein del av det å gjere Bygdestova meir attraktiv for brukarar. Kor mykje vi greier å gjennomføre i år, veit vi ikkje i skrivande stund (april 2006). Vi treng både dugnadsinnsats og midlar, men det skal vi klare. Like viktig er det at du som les dette, kan tenkje deg å leige rom i Bygdestova til møte, feiring av dagar eller andre samankomstar.

Kanskje kan mesteparten av dei arbeidsoppgåvene vi har nemnt, flyttast over til ”historia” neste år?

  Kontaktperson for utleige:   Kristian Røvreit
  Telefon:   70217029