Hildrestranda Helselag

Startside
Historie
Styret
Kva gjer vi
Lenker
hildrestranda.no

Historie

Bakgrunnen for at eit helselag vart oppstarta på Hildre, var offentleg pengemangel til å løne sjukesøster i kommunen. Lærar og lærarinner vart difor av ordføraren oppmoda om å starte helselag i kvar skulekrins. Skipningsmøtet til Hildrestranda helselag var  28. oktober 1928, halde på Hildre bedehus.  Møteleiar var lærar Peder A. Vinje.  Lærarinna Henninge Hagerup vart valgt til første formann i laget. 

På grunn av lange avstander når møta skulle haldast, og at det no var to skulekrinsar på Hildre, vart laget i 1959 delt i to: Hurla helselag og Alvestad helselag. 

Arbeidet med å samle inn pengar til m.a. barselpleiar, lækjargransking av skuleborn, spebarnskontroll, innsamling til sjukeartikklar og transportbåre var viktige for lokalsamfunnet den gongen. No går mykje av midlane til å støtte m.a. bygging av institusjonar, forsking på ulike helse-område og ikkje minst eldreomsorga.
(Kjelde: Bygda vår i liv og næring. / Helga Stene) 

I 2005 vart dei to laga Alvestad helselag og Hurla helselag på nytt slegne saman igjen, med det gamle namnet,  Hildrestranda helselag.

E-post
Helselaget@hildrestranda.no