Haram Sau og Geit

Startside
Haram beitelag
Hildre verlag

 

Haram Sau og Geit er eit lokallag av Norsk Sau og Geit.      

Lokallaget har pr. 1. januar 2008, 26 medlemmer, hovudsakleg frå Haram kommune. Men vi har og nokre medlemmer frå kommunane Ålesund og Giske der det ikkje er eigne lokallag.

 

Verksemda til laget er regulert av lovene til Norsk Sau og Geit.

Formålsparagrafen seier at laget skal:”--- arbeide for å fremje eit rasjonelt og lønsamt saue- og geitehald, tryggje beiteretten og stimulere til samarbeid i produksjon og omsetnad. Vidare skal det arbeidast for auka bruk av norske småfeprodukt og fremje av småfehaldet i samsvar med naturvilkår og marknadstilhøve.”

 

Medlemmer får kostnadsfritt tilsendt det flotte medlemsbladet ”Sau og Geit”

seks gg. i året. Nr. 1/2008 har 75 sider!  Det finst òg andre medlemsfordelar som er felles for alle medlemmer i laget.

 

Haram Sau og Geit organiserer ullevering til ullstasjonen i Førde frå faste oppsamlingsplassar to gonger i året.

Vi arrangerer kvart år kåringssjå for verlam og kan hjelpe medlemmer med å få tak i kåra verlam eller avkomsgranska verar.

Faglege møte vert sette på arbeidsplanen når det er aktuelt.

 

I 2008/2009 (vinter) vert det mest sannsynleg starta studiearbeid på ”Dyrevelferd hos sau” , eit nytt kurs som stettar kravet til kompetansebevis som alle småfehaldarar må ha frå 01.01.2010. For meir info, sjå: www.animalia.no/Tjenester/Helsetjenesten-for-sau/Dyrevelferd (link)

 

Ein del av medlemmene i lokallaget er også medlemmer i ”Sauekontrollen”. Men dette er ikkje noko vi organiserer. For meir informasjon sjå www.animalia/sauekontrollen (link) eller kontakt lokal rådgjevar, som er

Jan Ove Stene (tlf. 70217006 eller 91885533)

 

Styret i lokallaget i 2008 er:

 

Jan Ove Stene, 6272 Hildre                Leiar           Tlf. 70217006/91885533

Rolv Gamlem, 6280 Søvik                 Nestleiar      Tlf. 70212359

Merethe Hellevik, 6292 Kjerstad         Sekretær      Tlf. 70212321

Vidar Sunde, 6057 Ellingsøy              Kasserar      Tlf. 70156196

Geir Eggesbø, 6270 Brattvåg             Styremedl.   Tlf. 70211334

Startside Haram beitelag Hildre verlag