|
|
Skjelten og Hurlen utmarkslag vart starta i 1982 og er for grunneigarane på g.nr. 22 Skjelten og g.nr. 23 Hurlen. Desse bruka har felles utmark og laget vart starta for å ivareta felles interesser, da i hovedsak hjorteviltforvaltninga. Området for laget er den sørlegaste delen av Hildrestranda, og går fra grensa mot Gamlemshaug, over Kvarven, bak Hurlaveten, over Gamlemsveten og videre mot Omnen i Hildredalen. I nordaust grenser det mot Hildre g.nr. 24. Skjelten og Hurlen utmarkslag fekk som eit av dei første valda i Haram godkjent driftsplan for hjorteviltforvaltninga i 2002. Driftsplanen Dei siste åra har valdet hatt avtale om felling av 16 til 18 dyr pr. år.
Ved utbygginga av radarstasjonen på Gamlemsveten i 1997, fekk grunneigarane v/utmarkslaget utbetalt grunnerstatning for utbygginga. På årsmøtet i 1999 vart det vedteke å starte opprusting av Remmevegen fra Østengarden til Gamlem til tur og ridesti. Som ”startkapital” vart det avsett 15000 kr av erstatningsbeløpet til dette formålet. I april 2003 vart det vedteke å starte planlegging av ein ny parsell av Remmevegen fra Østengarden til Risneset. På årsmøtet i 2004 vart det løyvt 10000 kr til dette prosjektet. Tur og ridevegen frå Østengarden til Risneset vart ferdig i 2005. Frå Gamlem til Østengarden vart ferdig og godkjent i 2006. På 90-talet betalte laget for skogplanting i Hurlalia og ved Brendehaugen. Ellest har laget ved fleire høve støtta Hurla Bygdestove med midler til vedlikehald. |