|
|
|
Rev.2004.
VEDTEKTERfor SKJELTEN og HURLEN UTMARKSLAG
§ 1 Skjelten og Hurlen utmarkslag er ei samanslutning av grunneigarar i eit område avgrensa til gardsnr. 22 og 23 i Haram komune.Utmarkslaget har vekslande medlemstal og kapital.
§2 Utmarkslaget sitt føremål er å samle grunneigarane i området for å ivareta deira interesser på best mulig måte. Utmarkslaget skal arbeide for å verne vilt- og fiskebestanden, og om mulig auke denne. Laget skal også prøve å verne ressursane på lang sikt. Utmarkslaget skal arbeide for å utnytte ressursane i området, mellom anna ved å:
§3 Utmarksområdet er avgrensa til det området der grunneigarane har felles grunn.
§4 Utmarkslaget sitt forretningskontor er i Skjelten/Hurlen, Haram kommune. Rekneskaps og arbeidsåret fylgjer kalenderåret. Utmarkslaget er forplikta av formannen saman med sekretær eller forretningsfører. §5 Grunneigarar som har minst 10 da. i området nemnt i §1, har rett til å bli medlem i laget. Grunneigarar som har mindre enn 10 da. kan ikkje bli medlem uten at spesielle grunner tilseier det, og med styret si godkjenning. Ved innmelding i laget underteiknar ein innmeldingserklæring i 2 –to- eksemplar, eit til medlemen og eit til laget. Innmeldingserklæringa skal vise kva for grunneigar-rettar laget tar på seg felles forvaltning av. Kvart medlem har ei røyst ved avrøystinger. Medlemskapet skal lyde på eigedomen sitt bruksnr. og event. namn, og kan ikkje skiljast frå dette. Sameige vert rekna som ein eigedom. Styret i utmarkslaget skal snarast råd gjere medlemskapet med dei rettar og plikter dette gir, kjent for nye eigarar av ein eigedom. Utmelding av laget må gjerast skriftleg til formannen i styret med eit års varsel. Styret kan forlenge medlemskapet til utmeldt medlem for så lang tid som trengst for å avvikle forpliktelser som laget har teke på seg, inntil 10 år. Eigedom og rettar til utmeldt medlem er likevel bundne av dei forpliktelser som er pålagde i samsvar med godkjende arealplanar.
§6 Styret for utmarkslaget skal vere på 5 medlemer og 1. og 2. varamann. Styret er vedtaksføre når minst 3 medlemer er tilstades. Gyldig vedtak må ha minst 3 røyster. Ved likt røystetal har formannen dobbelrøyst. Styret vel sjølve nestformann, kasserer og sekretær mellom styremedlemane. Styret skal mellom anna:
Styret sine forhandlinger skal protokollførast. §7 Ordinært årsmøte skal haldast ein gong i året innan utgangen av februar. Berre medlemer eller deira fullmektig kan ta del i årsmøtet. Eit medlem kan berre møte med skriftlig fullmakt og røyste for eitt anna medlem. Årsmøtet vert innkalla av styret. Saker som medlemane vil ha med på saklista må vera innkomen til styret innan 1. februar. Skriftleg innkalling med vedlagt sakliste skal sendast medlemane seinast 2 veker før årsmøtet. Formannen i styret leiar årsmøtet. Så langt anna ikkje er fastsett, vert alle vedtak på årsmøtet gjorde med vanleg fleirtal.. Vedtektsendringer krev 2/3 fleirtal av dei frammøtteÅrsmøtet skal:
Årsmøtet kan ikkje gjere bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller minst 1/3 av laget sine medlemer krev det. Det kan berre gjerast vedtak i dei saker som er nemnde i innkallinga, og årsmøtet skal gjerast kjent og innkallast på same måte som gjeld for ordinært årsmøte.
§8 Utmarksplan som skal gjelde heile utmarkslaget sitt område, vert gjort bindande for medlemane ved vedtak på årsmøte med 2/3 fleirtal av dei frammøtte røyster. Minst 50% av laget sitt totale røystetal må røyste for planen. Vert dette kravet ikkje oppfylt, kan saka avgjerast på nytt årsmøte (ordinært eller ekstraordinært), og da med vanleg fleirtal mellom dei frammøtte. Vedtak vert gjort bindande med øyeblikklig virkning og gjeld i 10 år. Mindre justeringer av planen innan denne planperioden vert vedteke av årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei frammøtte røyster. Spørsmål om revisjon av planen må takast opp av styret og leggjast fram på årsmøtet. Dersom planen ikkje vert godkjent av dei offentlige styresmakter, eller dei kjem med vesentlige endringsforslag, må saka takast opp til ny handsaming etter dei same vedtak som ovanfor.
§9 Oppløysing av laget kan avgjerast med 2/3 fleirtal av eit årsmøte etter at det har vore framlagt på det førre ordinære årsmøtet. Minst halvparten av laget sine røyster må vere til stades. Møter ikkje så mange medlemmer, kan forslaget vedtakast på nytt årsmøte med vanlig fleirtal mellom dei frammøtte. Før laget kan oppløysast må alle bortleigeforhold vere avvikla og alle plikter dekte.
§10 Alle tvister mellom laget og medlemmane eller mellom medlemmer om tolking og gjennomføring av desse vedtekter, vert avgjort bindande for alle partar av ein voldgiftsrett på 5 medlemmer. Av desse vel partane eit medlem kvar. Dei andre 3 vert oppnemnd av Sorenskriveren i Nordre Sunnmøre. ------------------------------------------------- |